
Ta kontroll over helsa di og livet ditt i dag
Kva drøymer du om? Vil du ha meir vitalitet for å kunne leve livet ditt fullt ut? Har du helseproblem som du vil kvitte deg med? Ønskjer du å gjere det betre innanfor idrett?
Draumar varierer frå person til person. Det alle draumar har til felles er at dei krev ein livsstil som tar omsyn til ulike grunnleggande behov. Berre med ein slik livsstil vil du på sikt ha høve til å prestere på eller nær ditt maksimum.

Om oss
Namnet på selskapet vårt reflekterer at vi er menneske som praktiserer førebyggande tiltak for optimal helse frå eit holistiskt utgangspunkt. Det tyder at vi ser på mennesket som eit kjemisk, elektrisk, psykisk og spirituelt vesen. Vi må vere merksame på og ta omsyn til alle dei ulike sidene ved livet, elles hamnar vi lett i ubalanse. Då kan vi ikkje leve opp til vårt fulle potensial, med alt det kan innebere for den enkelte. Vi gjer så langt som det er mogleg val og prioriteringar ut ifrå dette synet.
Tenester



Holistisk livsstilscoaching
Mange veit kva personleg trening er og kjenner til fordelane med det, men dei største helsegevinstane krev som regel livstilssendring på fleire andre område enn trening. Arbeidet vårt er å gi deg dei praktiske verktøya og teknikkane for å leve eit godt og balansert liv med god helse.
Personleg trening
Treng du hjelp til å trene sikkert, med god teknikk med tanke på personlege mål og føresetnader? Vi tilbyr skreddarsydde treningprogram som hjelper deg med det.
"The way you do anything is the way you do everything.”
Paul Chek
Bjørndalvegen 7, Ulsteinvik